Tag Archives: baglerne

Skjelettet i brønnen på Sverresborg

sverresborg-small

Prospekt av Sigurd Schjødt publisert i Om Sverresborg ved Trondhjem av E.C. Werlauff (1815).

«I Sverressoga (kap. 137) er det fortalt at baglarane ved list og lempe overmanna birkebeinarar på Sverresborg i Trondheim, ein gong i 1197 ser det ut til. Birkebeinarane vart drivne bort, borga grundig øydelagt, og, som det heiter i soga: «Dei (baglarane) tok ein daud mann og styrta han på hovudet ned i brønnen, bar sidan stein dit og la over til det var fullt.» Denne forteljinga har fått ny interesse i nyare tid – først i 1938, då Fischer gjorde utgravingar i brønnen på Sverresborg, sidan frå hausten 2014 og utover ved nye utgravingar gjorde av NIKU. Skjelettet vart funne på ny og no datert til same perioden som soga fortel om. Svært interessant, om ikkje anna, må vi kunna seia. For: Kva inneber alt dette for det gamle og gode spørsmålet om saga og sanning. Dette vil innlegget på møtet i Trondhjems Historiske Foreining ta opp og leggja fram til drøfting.»

Sånn introduserer Jan Ragnar Hagland (NTNU) foredraget han skal holde sammen med Anna Petersén (NIKU) om skjelettet i brønnen.

Tirsdag 1. november klokka 19.00. Sted: Sverresborg folkemuseum.

Foredraget arrangeres i samarbeid med Sverresborg Folkemuseum.