Professor Sverre Pedersen – byideal og byplanlegging om lag 1910-1960

NTNUbit-SverrePedersen

Hilfling-Rasmussen/NTNU Universitetsbiblioteket, HI-c-4041-2_01

Professor Sverre Pedersen (1882-1971) var ein av dei mest kjende byplanleggjarane i Noreg i si tid. Han laga i alt planar for meir enn hundre norske byar og tettstader.

Dette foredraget handlar om Sverre Pedersens store arbeid som byplanleggjar, om hans bymønster og byideal.

Foredraget holdes av Helga Stave Tvinnereim, professor emerita i kunsthistorie, NTNU.

Mandag 19. september. Sted: Suhmhuset. Klokka 19.00.

Etter bombinga av  mange norske byar under den andre verdskrigen, fekk Sverre Pedersen ansvar for gjenreisinga først av krigsråka kommunar, deretter som leiar  av den statlege organisasjonen Brente Steders Regulering (BSR). BSR fekk i samtid og ettertid både ris og ros for dette arbeidet. Pedersen blei skulda for å ha nazistiske forbilde for sine norske gjenreisingplanar. Helga Stave Tvinnereim går i foredraget mot denne vurderinga og viser at Pedersen hadde heilt andre byideal.

Kommentarer er stengt.